QTSupport ønsker å bidra til framgang og auka verdiskaping hos kunden gjennom rådgjeving innan kvalitet, miljø og HMS.

 
background-1774911_1920.jpg

Kvalitetsleiing

Les meir →

_

Systematisk og strategisk kvalitetsarbeid sikrar fornøgde kundar, tillit i markedet, effektive prosessar, forbedra prestasjon og  dannar eit godt grunnlag for berekraftig utvikling. 
QTSupport kan bistå med kartlegging av bedrifta sine prosessar, oppbygging, drifting og effektivisering av ledelsessystem. I mange bransjer og marked har ISO-sertifiserte bedrifter eit stort konkurransefortrinn og er ofte foretrukne leverandørar.

For bedrifter som ønsker sertifisering iht. ISO 9001, kan QTSupport styre/leie deg fram mot sertifisering.

_
 

 

HMS-leiing

Les meir →

_

Systematisk HMS-arbeid og oppfølging av HMS-krav er lovpålagt for alle bedrifter, uansett størrelse og bransje.  QTSupport kan veilede deg gjennom lovverket og bistå med å definere omfang for å oppnå eit effektivt og godt fungerande system tilpassa dine behov.
For å sikre eit godt arbeidsmiljøet er det viktig å ha dei rette verktøya, den rette kunnskapen og eit kontinuerleg HMS-fokus.

For bedrifter som ønsker sertifisering iht. OHSAS 18001, kan QTSupport styre/leie deg fram mot sertifisering.

_

Miljøleiing

Les meir →

_

Systematisk miljøleiing, handtering av miljøansvar og styring av miljøaspekt bidreg til berekraftig utvikling og lønnsomheit for både det ytre miljøet og eiga drift. Mange bransjer og marked opplever at det vert stilt strengare miljøkrav til leverandørar. Bedrifter som satsar på systematisk miljøleiing og ISO 14001-sertifisering, vert ofte foretrukne leverandørar.

QTSupport kan bistå ved oppbygging/implementering av ledelsessystem for miljø (ISO 14001), veilede deg gjennom lovkrav for å oppfylle samsvarsforpliktelse, forbedre din miljøprestasjon og at dine miljømål vert innfridd.

_

 

Risikokartlegging og risikostyring

Les meir →

_

"One size doesn't fit all."  Risikobasert styring er nøkkelen til eit effektivt og godt fungerande ledelsessystem og danner grunnlaget for omfanget av ledelsessystemet. Ved å ta hensyn til bedrifta sine risikoar og mulegheiter, sikrar ein ei berekraftig utvikling. ISO standardane 9001:2015 (kvalitet) og 14001:2015 (ytre miljø), samt OHSAS 18001:2007 (Helse, Miljø og Sikkeheit) er basert på risikobasert styring.

QTSupport kan bistå ved risikokartlegging, risikoanalyser og risikostyring tilpassa dine behov.

_

«»

- Kvalitet - Tillit - Kompetanse -

 

PMSCG3.jpg